Er du livredd for å trene?

Til tider er det mediaoppslag om idrettsutøverar og uthaldsutøverar slik som ”birkebeinaren” med atrieflimmer eller andre hjerterelaterte sjukdomar. Atrieflimmer er akutt sett ikkje ein livstruande sjukdom, men det er svært ubehagelig og det er forbundet med auka risiko for meir alvorlege hendelasar som hjerteinfarkt og hjerneslag samt for å utvikle hjertesvikt.

For folk som driv med idrett og trening er det også forstyrrande då det går betydelig ut over evna til å utøve aktiviteten.  Dessverre ser ein også til tider episodar med meir alvorlege hjerterytmeforstyrrelsar slik som ventrikkelflimmer med påfølgande hjertestans hos idrettsutøvarar i sin beste alder. Det er fullt forståeleg at folk vert bekymra og reserverar seg mot å drive fysisk aktivitet med slike dramatiske hendingar i tankane.

Det vi veit i dag er at det er studiar som tyder på økt førekomst av atrieflimmer hos utøvarar som gjennom eit heilt liv har utøvd store mengder uthaldstrening og konkurransar. Mykje av denne forskinga er gjort på aktive syklistar, langrennsløperar og maratonløperar med ein enorm treningsmengde og som har pressa hjertet til det yttarste gjennom fleire tiår. Desse har hatt ein heilt annan påverknad enn folk med normal fysisk aktivitet.

Effekten av det å presse hjertet over lang tid har i dei seinare år blitt meir tydelig då fleire studiar har vist at langvarig fysisk anstrengelse, slik som for eksempel eit maraton og ultramaratonløp (Ironman og Norseman), fører til en redusert hjertefunksjon like i etterkant av aktiviteten. Desto lengre den fysiske aktiviteten pågår (3-11 timar) desto større blir reduksjonen i hjertes funksjon. Dette er vel og merke ein forbigåande effekt, og i løpet av nokon dagar er funksjonen normalisert. Med kvile så vil hjertet normalt sett bygge seg opp til å bli sterkare.

Ved stadig belastning på hjertet med slik type aktivitet, der hjertet ikkje får tid til kvile og å bygge seg opp igjen mellom kvar gang, så vil det kunne føre til ein negativ og i enkelte tilfelle varig endring av hjertet sin funksjon, størrelse og struktur. I nokon tilfelle vil dette kunne føre til endringar som kan gi opphav til utvikling av atrieflimmer. Viktigheita av restitusjon etter trening, og spesielt etter langvarig fysisk aktivitet vert derfor veldig sentral for å ikkje påverke hjertet i negativ retning.

Det som er veldig viktig å ta i betraktning er at dette er ekstreme ytterpunkt. For normalt aktive er det større sjanse for at trening reduserer førekomsten av atrieflimmer. Årsaken til dette er mellom anna at trening reduserer fleire av dei viktigaste risikofaktorar som er relatert til atrieflimmer, mellom anna overvekt, høgt blodtrykk og diabetes.

Det er viktig å poengtere at sjølv om uthaldsutøvarane, slik som ”birkebeinaren,” har ein noko større risiko for atrieflimmer, så lever dei også lengre og har betydelig reduserte risikofaktorar for meir alvorlige hjerte og karsjukdomar, slik som mellom anna hjerteinfarkt. Mellom anna så er prevalensen av diabetes, overvekt og høgt blodtrykk atskilleg lågare i denne gruppa av befolkninga.

Det er veldig skremmande og også tydelig når ein fotballspelar får hjertestans under kamp og nyheitsaka ruller i alle mediar. I dei alle fleste av slike tilfelle er det ein sjeldan medfødt hjertefeil som er årsaka, og som med tid uavhengig av fysisk aktivitet gradvis ville endra seg til eit meir sjukt og sviktande hjerte.  Den auka belastninga på hjertet under hard fysisk aktivitet vil for disse enkelte personane kunne være med på utløyse ein hjartestans på eit tidlegare stadium i livet enn elles.

For folk flest så er det ved hard fysisk aktivitet ein lett auka risiko for hjerterelaterte tilfelle, slik som hjertestans eller infarkt, men den beskyttande effekten av å drive fysisk aktivitet er veldig mykje større. Det er derfor viktig å ikkje la seg skremme av medias fokus på ekstreme ytterpunkt eller enkelttilfelle, og heller fokusere på at når ein driv fysisk aktivitet så beskyttar og bygger ein opp eit sterkare og sunnare hjerte.

Så ikkje la deg skremme! Det er endeleg sommar og på tide å finne fram joggeskoa eller sykkelen og kome i gang med aktivitet for å beskytte hjertet.

Skrevet av Morten Andre Høydal, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Post doktor ved CERG. Dette innlegget ble også publisert på Adresseavisens Sprek-side.

About these ads
This entry was posted in Cardiovascular disease, Exercise, Fitness, På norsk, Public health, Research, Sprek by CERG. Bookmark the permalink.

About CERG

The Cardiac Exercise Research Group (CERG) at the Norwegian University of Science and Technology (NTNU) seeks to identify the key mechanisms underlying the beneficial effects of physical on cardiac health in the context of disease prevention and treatment. Named the K.G. Jebsen Center for Exercise in Medicine under Professor Ulrik Wisløff's leadership in 2011, CERG uses both top-down and bottom-up approaches to combat lifestyle-related disease.

One thought on “Er du livredd for å trene?

  1. This is a very good article which clarifies the mystery of intense training and sudden death. I am a man of 63 who likes to train very hard . My max puls is about 178 and I enjoy having the puls at about 158 to 160 and sometime 166 under training. six days a week

    .I was terrified reading articles that the heart walls get thicker and lose the capacity of pumping enough blood which can lead to sudden death.

    I am sure a person who is 63 has no more risk than younger people, after reading your article.

    Thanks for this article.
    Physical activity at high intensity is conductive to reduse depression. But it is one components fighting depression.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s