Beskyttar aerob kapasitet mot infarkt?

Dei fleste er vel etterkvart klar over at auka fysisk aktivitet er ein av dei avgjerande livsstilsendringane for å betra den generelle helsa. I løpet av dei siste tiåra har ein etterkvart fått tydelig stadfesta at aerob kapasitet målt som maksimalt oksygenopptak er ein av dei meir sentrale faktorane for å redusere risikoen for hjerte og karsjukdom. Spesielt dersom ein er i risikosona eller i yttarste høve allereie har etablert hjerte og karsjukdom, så er det å auke kondisjonen viktig i forhold til langtidsutkome.

Sjølv om fysisk aktivitet og trening er sentralt for å auke den aerobe kapasiteten, så er det genetiske materialet ein har med seg ein viktig del av den einskilde sin kondisjon og fysiske helse. Nedarva genar er estimert til å bestemme omtrent halvparten av den maksimale aerobe kapasiteten. Dette kjem vel på ingen måte overraskande på folk vil eg tru, sidan dei fleste sikkert har ein kjenning som held seg både slank og sprek utan å ha noko spesielt interesse for verken kosthald eller trening. Kva er vel ikkje meir irriterande enn å bli grundig slått i Birken av naboen som knapt har bevegd seg utanfor stovedøra, medan du har lagt ned utallege treningstimar i årevis?

treningSjølv om ein er i bra form og har ein aktiv kvardag med trening, kan ein likevel ikkje vere 100 % sikker på å unngå hjerteinfarkt. I denne samanheng har imidlertid ein rekke studiar vist at fysisk trening i forkant av eit hjerteinfarkt gir ein betydelig beskyttande effekt, mellom anna med betydelig mindre infarktområde, generelt betre hjertefunksjon i etterkant samt tydelig auka overleving og betra langtidsprognoser. Så ingen grunn til å droppe treninga!

Kva så med medfødt kondisjon? Me veit jo at dersom ein er fødd med ”gode genar” så har ein mindre risiko for å få hjerte og karsjukdomar- så ja, nokon er meir heldige med tildeling av mor og far! Men er desse med medfødt god aerob kapasitet meir beskytta dersom ein først får eit infarkt? Dette var eit spørsmål me stilte oss for ei tid tilbake. I ein nyleg publisert artikkel gjennomførte me eit studie med ein eksperimentell modell på rotter der me såg på om individ med genetisk medfødt høg kondisjon hadde betre beskyttelse mot infarkt i forhold til individ med medfødt låg aerob kapasitet, overvekt og ein rekke andre risikofaktorar for hjerte og karsjukdom. Overraskande nok viste det seg at dei med medfødt god kondisjon på ingen måte var beskytta mot infarkt og opplevde dei same negative endringane i hjertefunksjon. Studiet tyda difor på at den beskyttande effekten som god kondisjon har, i stor grad er på grunn av forsvarsmekanismane som er bygd opp gjennom trening, og ikkje på bakgrunn av medfødde eigenskapar.

Trening er difor viktig for å både å redusere risikoen for hjerteinfarkt for å bygge opp forsvarsmekanismar dersom uhellet likevel er ute. God trening!

Morten Andre Høydal, Nasjonalforeningen for folkehelse og post doc ved CERG.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s