Er du smidigare og sterkare en mannen med ljåen?

Alle veit vel i dag at det å vere i aktivitet i det daglige er ein positiv faktor som er med på å betra helsa. Etterkvart som ein vert eldre så er nok den mest nytta treningsforma kondisjonstrening i ein eller annan form. Viktigheita av kondisjonstrening er tidlegare illustrert i ein artikkel publisert av Australske forskerar i det anerkjende tidsskriftet British Medical Journal der dei avdekte gangfarta til mannen med ljåen når han er ute på oppdrag.

Mannen med ljåen CC BY-SA 3.0

Mannen med ljåen. CC BY-SA 3.0

I dette studiet så følgde forskerane 1705 eldre menn og målte endringar i gangfart over ein periode på fem år og såg på samanhengen med overleving. Det viste seg at dei som hadde låg gangfart hadde ein betydelig auka risiko for å døy i forhold til dei som oppretthaldt høg gangfart. Heilt spesifikt så hadde dei som gjekk raskare en 0.82 meter per sekund ein 1.23 gangar lågare sannsyn for å døy en dei som gjekk saktare. Så om ein vil hindre at mannen med ljåen kjem og pustar ein i nakken så bør fortsatt kondisjonstreninga vere ein viktig del av treninga etterkvart som ein vert eldre.

Les også: Kan du gå raskere enn mannen med ljåen?

Kva så med styrke og evna til å bevege seg? Mange tenkjer nok at styrketrening berre er for dei som driv aktivt med idrett eller for ungdomen som skal pynte på sommarkroppen. Det er då vel ikkje noko for eldre?

Nyleg vart også styrken og smidigheita til mannen med ljåen sett på prøve. Ein gruppe med brasilianske forskerar rapporterte ein ny og enkel test som ser på kor lett eller vanskelig det er å sette seg på golvet for deretter reise seg opp igjen. Testen viste at dei som måtte bruke begge hender og kne for å reise seg hadde betydelig dårligare overleving en dei som klarte det utan.

Denne rapporten viser kor viktig det er å ikkje berre ha god kondisjon etterkvart som ein vert eldre, men også ta vare på styrke og smidigheit. Eg vil påstå at eldre faktisk vil ha endå større utbytte av styrketrening i eit helseperspektiv en yngre. Stryketrening er med på å bremse det aldersbestemte tapet av muskelmasse og kraft. Styrketrening er også positivt for skjelettet, og det kan redusere risikoen for beinskjørhet. Det er nok ein del som har ein viss frykt for styrketrening etterkvart som ein vert eldre, men i utgangspunktet kan eldre trene akkurat som yngre. I dag er det ein rekke treningssentre som er lett tilgjengelig for folk i alle aldrar, der ein kan få gode råd og treningsopplegg for å kome i gang. Sjølv om det kan vere ein terskel for mange, så er mitt råd: Gi det ein sjanse, det er aldrig for seint å kome i gang.

Lykke til med treninga!

Morten Høydal, forsker hos CERG

 

 

 

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s