Trening er bra for helsa – men kva med dei som ikkje kan trene?

Trene korte eller lange intervaller?Me veit i dag at det å vere fysisk aktiv er ein av dei avgjerande livsstilsendringane ein kan gjere for å styrke hjertet og bedra den generelle helsa. Den einaste og kanskje verkeleg store utfordringa er å gjere det. Dørstokkmila er vel ikkje heilt ukjent for mange, og fleire føler seg nok fanga av tidsklemma i ein hektisk kvardag. Tidlegare rapportar frå vår forskningsgruppe har vist at berre eit intervalldrag på 4 minutt tre gonger i veka gir betydelig betring i uthald eg redusert blodtrykk. Å få til ei slik økt nokre dagar i veka er noko ein skulle tru at dei aller fleste får tid til. Likevel, sjølv om det høyrest enkelt ut så er det nok dessverre ein kjennsgjerning at sjølv vanlige friske folk ikkje får til dette.

For omtrent ein månad sidan publiserte CERG ein blog som stilte spørsmålet: ” Er me klare for treningspillen?

Dette er, som elegant belyst av Jose Bianco Moreira, eit spørsmål som i enkelte kretsar kan oppfattast kontroversielt. Det blir i denne artikkelen reflektert rundt spørsmålet om ein skal bruke store økonomiske resursar på noko ein kan få gratis og heilt naturleg med litt eigeninnsats. I dei aller fleste høve så meinar eg nok at dette er riktig, men eit viktig poeng som også blir trekt fram er: kva med dei som ikkje har moglegheit til å vere fysisk aktive, til dømes på grunn av sjukdom?

Heart (iStockphoto)Det er i ein slik kontekst betydinga av treningsforskning får ein ny dimensjon. Det at fysisk aktivitet er gunstig både for å redusere utvikling samt å behandle hjerte og karsjukdom er i dag ikkje noko nytt. Me veit at trening er gunstig for helsa, men kan me bruke treningsforskninga til noko meir en berre å bevise at det verkar? Kan me bruke trening som eit verktøy til å finne spesifikke mekanismar og nye angrepspunkt for å behandle pasientar som ikkje har denne moglegheita som me som framleis held oss friske har? Dette er i dag eit heitt forskningstema og det er heldigvis ikkje berre vi i CERG som jobbar med ein slik strategi.

Les også: Treningsråd fra legen – er det verdt innsatsen?

Utviklinga innanfor biologisk forskning saman med ny teknologi og databasert behandling har i den siste tida opna moglegheiter for å avdekke betydninga av tidlegare ukjente bestanddelar av genmaterialet. Dette er teknologi som kan vere med å forklare heilt nye mekanismar som er årsaka til at ein blir i betre form av å trene samt å forklare kvifor ein blir friskare av å trene når ein er hjertesjuk. Den nye teknologien har i det siste vist fleire nye og spennande funn: siste veke publiserte Changan Lee og medarbeidarar i Cell Metabolism oppdaginga av eit heilt nytt peptid som motverkar vektauken ein ser i samband med vestlig kosthald. Peptidet har effektar som tidlegare er assosiert med endringar som følge av trening. Dette nye peptidet som vert kalla MOTS-c, (mitochondrial open reading frame of the 12S rRNA type-c) er først og fremst retta mot muskelvev, der det betrar insulinfølsomheit og motverkar diett-indusert og aldersavhengig insulinresistens. Peptidet er uttrykt i DNA frå mitokondriane som er musklane sin eigen “kraftstasjon”, og det viser seg å vere sentralt i forhold til å kontrollere sukker og feittforbrenning. Når overvektige mus vart behandla med dette peptidet, så førte det til tydelig reduksjon av fedme. Funna vart forklart med auka energiproduksjonen i kvile, auka forbruk av sukker og betra insulin sensitivitet. Studiet er førebels berre bekrefta i mus, men klinisk utprøving vil bli starta i løpet av dei neste tre åra.

Les også: Trening som medisin – Australia er et foregangsland

For nokre få veker sidan viste også ein annan gruppe leia av Eric Olson nye data publisert i Cell der dei og beskreiv eit heilt nytt peptid, Myoregulin (MLN), som er med på å regulere evna musklane har til å utvikle styrke og uthald. Ved å redusere mengden av dette peptidet så fant dei ut at mus kunne springe 55% (!!) lenger en dei som hadde normalt høge nivå. Dette er ein dramatisk auke i kapasitet, og med slike resultat så er det nok ein viss fare for at teknologien kan finne vegen over til feil side og misbrukast innan idrett som doping.

CERG-forsker Morten Høydal er plukket ut til å delta i NTNUs Stjerneprogram. Foto: Terje TrobeFor dei aller fleste vil nok normal fysisk aktivitet vere det aller beste, men for pasientar med muskelsjukdomar, eldre og pasientar med kraftig muskelsvinn, så vil slike funn gi håp til mange om eit betre og meir velfungerande liv. Mykje av desse resultata er fortsatt på eksperimentelt nivå og endå ikkje testa ut på menneske, men det er i alle fall spennande forskning som kan stake ut vegen vidare for ny og betre behandling.

Morten Høydal, forskar ved CERG

[1] http://www.plosone.org/article/info%3Adoi%2F10.1371%2Fjournal.pone.0065382).

[2] http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/2573845

[4] http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/25640239

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s