Fokuset på å få folk til å trene er nok meir tydeleg i samfunnet en nokon gong før. I alle aviser finn ein dagleg helsetips om trening og kosthold for både å betre fysisk prestasjon og helse. Desse tipsa er nokre gonger motstridande, og det er lett å bli forvirra. Til dømes anbefaler helsemyndigheitene 30 minuttar fysisk aktivitet med moderat til anstrengande intensitet kvar dag. Men dei siste vekene har fleire medieoppslag tyda at anbefalingane faktisk ikkje er nok for dei som elles er inaktive heile dagen. Kva skal me eigentleg tru?
Fleire og fleire har i dag stillesittande arbeid, og det er ingen tvil om at dette får konsekvensar for helsa. Som vist i eit tidlegare blogginnlegg, vart det på 1940-talet gjort ein studie blant konduktørar og bussjåførar i England, der ein fann at dei inaktive sjåførane hadde dobbelt så stor risiko for hjerteinfarkt som dei aktive konduktørane. Men, ikkje berre i yrkeslivet vert me meir stillesittande. Nyare tal viser at den inaktive tida til born har hatt ein dramatisk auke dei siste 20 åra. Ein gjennomsnittleg 8. klassing har på denne tida hatt ein dobling av stillesittande tid til heile 35 timar i veka. Me vaksne er heller ikkje betre – berre 2 av 10 av oss tilfredsstiller anbefalingane for fysisk aktivitet, jamfør ein rapport frå Helsedirektoratet (2009, s. 60). Fleire studiar tyder no på at den stillesittande tida er ein svært viktig faktor for utvikling av overvekt hjerte- og karsjukdom, diabetes og fleire former for kreft.
Det som er interessant å merke seg, og verkeleg framhevar kor viktig det er å ikkje bruke for mykje tid i sofaen, vart vist i ei nyleg publisert australsk studie der ein såg på både sittetid og treningstid. Studiet viste at auka tid til trening var gunstig for å redusere risiko for død, MEN det meste av denne risikoreduksjonen var oppheva ved auka sittetid. Av 621 695 person-års oppfølging vart det registrert 5405 dødsfall, og inaktiv tid framstod tydelig som ein risikofaktor for død uavhengig av kjønn, alder, kroppssamansetning og fysisk aktivitetsnivå. Resultata var også uavhengige av om forsøkspersonane var heilt friske eller om dei hadde uttalt hjerte og karsjukdom og diabetes.
Artikkelen er spesielt interessant i lys av dagens anbefalingar for fysisk aktivitet. Ein person som tek ein liten spasertur dagleg oppfyller faktisk disse råda. Dette er vel og bra. Men tatt i betraktning av at det faktisk er heile 15 ½ time igjen av våken tid, så er det nok viktig å fokusere på at ein ikkje bruker heile denne resterande tida i sofaen.
Ei begrensning med dette studiet er vel og merke at fysisk aktivitetsnivå på forsøkspersonane er basert på sjølvrapportert aktivitet med tid brukt på moderat til anstrengande intensitet i løpet av ei veke. Både vår forskingsgruppe og etterkvart fleire har dei siste åra vist ein rekke forskingsresultat som tyder på at arbeid med høgre intensitet medfører ein betydelig større påverknad på reduksjon av risikofaktorar for hjerte- og karsjukdom. Det er mulig at høgre intensitet under aktivitet kan vere meir gunstig for å motverke den negative effekten av inaktiv tid, men dette gjenstår å få klare forskingsresultat på.
Vår utfordring i dag og i framtida er den enorme auken av totale helseutgifter som vert brukt per innbyggar i landet. I perioda 1998-2011 auka dette frå 24000 til 50000 kroner, jfr. SSB. Det er forventa at desse utgiftene kjem til å fortsette å auke kraftig i åra framover. Det som er viktig å påpeike er også at det berre er ein liten andel som vert brukt på forebyggande tiltak. Dette er ei utfordring ein må ta tak i, og ein bra plass å starte er i barndommen. Eit nyleg publisert arbeid gjennomført på 9-år gamle born i Sogndal viste at dei som hadde obligatorisk 60 minutt fysisk aktivitet kvar skuledag hadde betydeleg betre fysisk form og lågare risikoprofil for hjerte- og karsjukdom en dei som berre hadde vanleg ”gymtime” (2 x 45 minutt i veka).
Så om du trenar eller ikkje: tenk også på kva både du og dine born gjer elles i kvardagen, både på fritid og på arbeid. Kom deg opp av sofaen, ta trappa i staden for heisa, gå eller sykle til butikken og for all del- ikkje ta bilen til treningssenteret 500 meter unna.
Skrevet av Morten A. Høydal, forskar ved CERG/Nasjonalforeininga for Folkehelse.